|
For dei fleste forbrukarar i dag er det ikkje avgjerande for kjøp av ei vare at råvara er norsk. Dei er opptekne av god smak, og det er meir og meir interessant med tilleggseigenskapar som er positiv for helsa. Produkt av norske råvarer har eit konkurransedyktig potensial når det gjeld næringsinnhald og helseeffekt, men vi ser behovet for meir kunnskap om desse forholda. Lerum bidreg gjennom både nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt til å få fram denne kunnskapen. Gjennom slik kunnskapsbasert nyskaping meiner Lerum det er mogleg å skape innovative produkt som er attraktive for den stadig aukande delen i marknaden som etterspør sunn mat. Samstundes skal produkta konkurrere på pris og kvalitet. Lerum ynskjer å utnytte det potensialet som ligg i verksemda, der gode stabile rammevilkår og stabil tilgang på norske råvarer av god kvalitet er ein føresetnad. Lerum ynskjer å nytte forsking som eit verktøy for å vise at produkt av norsk frukt og bær ikkje berre smakar godt, men også er sunt.
Merete Lunde, FoU og kvalitetsdirektør i Lerum Fabrikker AS |