Arne Hjeltnes: Opphav er eigenkapital

Noreg kan aldri verta rimelagst i verda i å produsera mat. Andre kan laga ost, pylser, mjølk og kjøt raskare, i større skala og til ein heilt annan kost enn oss. Men få kan stilla med betre grunnlag for å få ekstra betalt for opphavet sitt enn det me kan. Opphavet vårt er eigenkapitalen.

11/04/2009
Dette har vore avgjerande for norsk fisk sin suksess ute i verda. I Hong Kong kostar eit kilo laks tre-fire gonger meir enn det gjer her heime og ti gonger meir enn den lokale fisken. Det er sjølvsagt fordi me i årevis har bygd posisjonen ”From the cold, clear waters of Norway”.

Og bur du midt i Ruhr-området i Tyskland eller i Shanghai, så er du glad for at maten du et ikkje kjem frå akkurat der du er. Og du er kanskje villig til å betala litt ekstra for å vita at maten din har eit trygt og godt opphav.

Men opphavet må vernast, som all annan merkevarekapital. Det er nok å minna om becquerel-skandalen for nokre år sidan. Får me oljesøl i farvatna våre, er me i trøbbel med ein gong.
Framtida vår er difor å verna om den friske naturen som skapar dei unike smakane og den ekstra gode maten.

Lammekjøtet kan seljast akkurat som laksen; ”From the cold, clear mountains of Norway”. Osten, frukta og bæra våre likeså. Me kan fortelja gode historiar og skapa store suksessar.
Men det må seljast. Me må ut og fortelja at me har denne unike fordelen. Desse gode smakane. Det skjer ikkje av seg sjølv. Det er mange om beinet i kjølediskane. Og mange med langt dårlegare utgangspunkt enn oss, er flinke.

Men med skikkeleg innsats er framtida for norsk matproduksjon svært så ljos.

Arne Hjeltnes, matkyndig gjesteskribent

f4l.no